mandag 12. november 2012

Leserinnlegg

Et leserinnlegg har surret og gått i hodet mitt lenge. Jeg ser ting jeg ikke liker og ikke skjønner hva er. Det jeg skjønner er bare at noe er feil og at det ikke lukter godt. Men skal noe skrives, må det skrives med snert og brodd på rett sted og ikke støte personer eller være usaklig. På lørdag kveld fikk jeg hjelp til å koke ihop et ferdig innlegg! Vurderte å sende kopi til rådmannen, men av redsel for at de ikke forstår ironi på kommunehuset, satser jeg på at både de og politikerne som lar dem holde på, leser aviser. Sendt til Strandbuen:


GJE BOD!
Til Forsand kommune:
Eg vil med dette gje bod på to kommunale bygg som eg forstår er vedtekne seld. Bygga har ikkje verte annonserte enno, men eg gjer dette allereide no, sidan eg forstår det slik at kommunen nær har slutta å annonsere. Eg forstår dykk godt, annonserer de eigedomar, stillingar, fortidslandsbyar eller kva det måtte vera skikkeleg, veit dykk jo aldri kven som kjem rekande! Så må de samarbeide med vilt framande menneske, og det er jo slitsamt. Så eg helt med dykk: Bytt på ting og jobbar internt i kommunen, så veit de kven de har å forhalde dykk til.

Men det var desse eigedomane. Eg vil gjerne by kr 1,50 for Lensmannshuset, som er vedteke seld. Eg har planar om å nytta det til kulturføremål, og reknar som sjølvsagt at eg får med meg stønad til å pussa opp det gamle huset. For Prestebudstaden, som er eit staseleg hus, kan eg strekke meg til kr 2,- hvis eg får med pengane de tidligare har regna ut trengst for å gjera huset i stand. Eg veit ikkje kva eg skal med dette huset enno, men kjem nok på noko. Kanskje eg kan leiga det ut til presten, som snart ikkje vil ha nokon stad å bu lenger.

For orden skyld, vil eg nemna at eg ikkje er i slekt med eller på anna vis knytta til nokon av dei som vil behandla desse tilboda, slik at de ikkje treng streva med å vurdere om de er uhilde i saka. (For uhild, sjå forvaltningsloven §6. Ein artig liten lov, som til og med finnest i små særtrykk. Eg føreslår at alle tilsette i administrasjonen får seg eit slikt lite hefte i julegåve i år. Er det fint innpakka i glanspapir og raud sløyfe, kan det til og med henda at dei les han.)

Frå: Synnøve Virkesdal, Forsand

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar