onsdag 18. november 2015

Jon og eg

Jon Fosse har fått Nordisk råds litteraturpris, og jeg kom akkurat til å tenke på at jeg skrev noe rettet til han, i en øvelse på Nansenskolen i vår. reprise følger her: 


JON OG EG
Eg vil skrive om von, seier ho, det er vona eg vil skrive om. Det er for mykje ondt i verda, eg vil skrive fra det som er godt. Om fast grunn under føtene, om lysninga i skogen, det vil eg skrive om. Det er for mykje mørkre, eg vil skrive om ljoset, det er det eg vil.


Om når du er ute og går, og må kryssa ei myr. Midt i myra sit foten din fast. Du kjenner det i heile kroppen, du trur at myra vil sluka deg, dra deg ned i mørker så du forsvinn, vert borte. Men då har du ikkje rekna med vona. For ho gjev foten din noko å trø på så du får spenntak og du kjem opp og ut. Den kjensla, foten som får fast grunn til å sparka frå, er kjensla av vona, og den vil eg skriva om, seier ho.


Eller når du har gått deg vill i skogen og har leita etter utveger til du hikstar av fortviling. Den kjensla som kjem når ein lysning i skogen opnar seg, ljoset treff deg der du står i mørker og trur du har gått deg vill. Ljoset som kjem og syner deg det er ein veg ut, ut or mørkre du trudde du måtte bli verande i, mørkret som heldt deg fast der inne. Den kjensla du får når det opnar seg, seier ho, det er kjensla av von og den vil eg skrive om. Så at neste gong du trur det ikkje finst ljos, kan hugsa at du må leita litt til, for opningar finst. Det er det eg vil skriva om, seier ho og lyfter koppen til munnen, lagar ein o, bles på kakaoen.Gjer det du og Jon, seier ho, skriv om von. 

1 kommentar: